
Vikarar
Fleksibel vikarassistanse er ei ideell løysing. Å leige vikar er ein smart og kostnadseffektiv løysing på eit mellombels bemanningsbehov av kortare eller lengre varighet, når du har bruk for mellombels avlastning.
PersonalService kan tilby offentlege og private selskap i Sogn og Fjordane vikarar innan dei fleste yrkeskategoriar.
- Kontoradministrative støttefunksjonar
- IT
- Økonomi/rekneskap
- Butikk/sal
- Undervisning
- Kantine/kafé/hotell
- Produksjon
- Transport
- Lager
PersonalService er eit lokalt vikarbyrå som først og fremst satsar på dei lokale selskapa i Sogn og Fjordane. Vi har god kunnskap både om våre medarbeidarar og bedriftene som treng personale
PersonalService tilbyr kvalitet og fornuftige prisar. Ingen fordyrande mellomledd. Skatt og avgifter går til lokale myndigheiter som igjen gjev positive ringverknader for nærområda.
Ved eit vikaroppdrag dekker PersonalService lønn og alle sosiale utgifter for den innleigde medarbeidaren i oppdragstida. Di bedrift betaler ein avtalt timepris når vikaren tek til med arbeidet.
Hugs: Du kontaktar oss ved behov. Vi tek oss av alt det praktiske. Du betaler berre for vikarens effektive arbeidstid Ingen kostnad før vikaren er begynt å jobbe i bedrifta.
Rekruttering
Om bedrifta di har behov for å tilsetje nye medarbeidarar – send gjerne ein førespurnad til PersonalService.
PersonalService har mange dyktige kandidatar innan ulike yrkeskategoriar i sin base. Dette kan vere kandidatar som er nytilflytta til Sogn og Fjordane, nyutdanna frå høgskular og universitet, folk i ein jobbskifteprosess, overflødige pga. for eksempel omorganiseringar i bedriftene, skuleelevar osv. PersonalService har også kontakt med høgskulane i t.d. Bergen og Oslo, dette for å kunne rekruttere utflytta fjordingar og sogningar tilbake til heimfylket.
PersonalService er i stand til å yte god service på kort varsel!
PersonalService kan ta på seg heile jobben med nytilsetjing. Om rett kandidat ikkje finst i databasen, tek vi jobben med annonsering, søknadshandsaming og utveljing av kandidatar.

