...

Untitled-13.jpgMedarbeiderar

  • Er du på jakt etter ny jobb?
  • Nye utfordringar?
  • Er du arbeidsledig?
  • Eller nyutdanna?

PersonalService tilbyr både vikariat og faste jobber innan mange ulike yrkesgrupper i offentleg og privat sektor i Sogn og Fjordane.

Hos oss har du dei same rettigheitene som i andre bedrifter. Vi dekkjer yrkesskadeforsikring og har det totale arbeidsgjevaransvaret for deg når du jobbar for ein av våre kundar.

Vi har:

  • Erfaring i å finne rett jobb til rett person
  • Fleksible ordningar
  • Lønn etter avtale

PersonalService håpar å hjelpe nettopp deg. Ta gjerne kontakt for fleire opplysningar.

Ledige jobbar

Klikk for ledige stillingar.

Her blir ledige vikariat og faste stillingar lagt ut.

Først og fremst når vi ikkje finn passande kandidatar blant dei vi allereie har registrert i databasen

Vikariat

Ledige vikariat ute i bedriftene blir gjerne løyste med ein dyktig kandidat frå PersonalService.

Det kan vere både korte og lange oppdrag, på heiltid eller deltid, alt etter kva den aktuelle bedrifta har behov for.

Ved ledige vikariat kontaktar vi kandidaten (-ane) i vår database som passar til nettopp denne jobben. Vi legg stor vekt på finne rett person til rett jobb.

Når du jobbar ute hos ein av våre kundar fører du timelister og får lønn den 5. i kvar mnd.

PersonalService har det totale arbeidsgjevaransvaret for deg mens du utfører oppdraget.

Hugs at vikariat ofte kan føre til fast tilsetjing om alle partar er nøgde.

Faste stillingar

Mange av våre vikarar får seg fast jobb i den bedrifta dei har vore i gjennom eit vikariat. Men det er også kandidatar som får fast jobb utan å vere vikar først.

PersonalService rekrutterer ofte våre kandidatar inn til faste stillingar hos kundane.

Uansett; er du vikar hos PersonalService har du alltid sjansen på ei fast stilling om det er aktuelt.

Kontakt

Om du ynskjer fleire opplysningar eller å registrere deg hos PersonalService kan du ringje 57 82 40 88 eller stikke oppom vårt kontor i Førde.

Vi sender deg registreringsskjema pr. post/mail, eller du får det med deg ved å ta turen innom.

Deretter avtaler vi intervjutidspunkt kor vi nærare diskuterer dine jobbmuligheter gjennom oss.

Vi må ha alle vitnemål og attestar til jobbintervjuet, og dessutan namnet på minst 2 referansepersonar frå evt. tidlegare arbeidsplassar.

Ta kontakt med post@personalservice.no

...
PersonalService
Hafstadvegen 34
Postboks 16
6801 Førde

Tlf 57 82 40 88
Faks 57 82 40 29

post@personalservice.no