
Om PersonalService
PersonalService er eit bemanningsbyrå som blei stifta i 2004. Det er ei vidareføring av drifta til Westaff Vikartjenester som hadde sitt
avdelingskontor i Førde frå 1995 til 2003.
Marit Milde – tidlegare avdelingsleiar ved Westaff sitt kontor i Førde – er dagleg leiar i PersonalService. Dette betyr lang erfaring med å skaffe dyktige vikarar og faste tilsette til bedriftene i området.
PersonalService si fremste oppgåve er å hjelpe både offentlege og private selskap med kvalifisert dyktig personell.
Vi sit med god lokalkunnskap om næringslivet i Sogn og Fjordane.
Kvalitet – rask levering – god service – fornuftige prisar.
PersonalService vil gjere sitt yttarste for at nettopp ditt personalbehov blir behandla med den største interesse og viktigheit.
Tenesteområde
PersonalService tek på seg alle typar oppdrag for det offentlege og private næringsliv.
Dog er hovudstyrken til våre medarbeidarar kontoradministrative støttefunksjonar.
Alle oppdrag blir behandla med seriøsitet og service. Skulle det vise seg vanskeleg å løyse akkurat ditt personalbehov, vil vi gje tilbakemelding om dette så snart som råd, slik at du kan finne andre løysingar.
Du betaler ingenting før det er inngått avtale om oppdrag og den aktuelle kandidaten er begynt å jobbe i di bedrift.
Vi ser fram mot eit godt samarbeid.

